Rapportering i skulesektoren

ideas2evidence har saman med Vista Analyse gjennomført eit FoU-prosjekt for auka kunnskap om dokumentasjons- og rapporteringskrava i grunnopplæringa. Prosjektet blei gjennomført på oppdrag for Kommunesektorens organisasjon KS og Kunnskapsdepartementet (KD).

Prosjektet blei gjennomført i samarbeid med utvalde kommunar, fylkeskommunar, Utdanningsdirektoratet og Fylkesmannen, og desse møttest på tre prosjektsamlingar i løpet av prosjektperioden. Oppdraget blei ferdigstilt i desember 2014.

Nasjonale og regionale utdanningsstyresmakter, kommunar og fylkeskommunar har som skuleeigarar eit lovfesta ansvar for kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av skulane. Difor vil det alltid vere behov for rapportering. Ofte vil data, analyse og vurderingar brukast til kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i skulesektoren. Samstundes har det vore sentralt å undersøke

• korleis skuleleiarar og lærarar opplever dei samla rapporterings- og dokumentasjonskrava
• kva rapporterings- og dokumentasjonskrava faktisk har å seie for kvalitet og styring
• om dei grunngjevingane som utdanningsstyresmaktene, skuleeigarane og andre har for rapporteringsmangfaldet vert oppfatta som gode og legitime blant lærarane og skuleleiarane.

Gjennom prosjektet har ideas2evidence saman med Vista Analyse for det første kartlagt det samla rapporterings- og dokumentasjonsomfanget initiert av kommunar, fylkeskommunar og regionale og statlege utdanningsstyresmakter på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

For det andre har vi identifisert styrkar, veikskapar, utfordringar og moglegheiter ved dagens rapporterings- og dokumentasjonskrav på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

Ein tredje del av oppdraget var å bidra til at skuleleiarar og lærarar opplever ein god balanse mellom krav til dokumentasjon/rapportering og moglegheitene til å utnytte informasjonen til å forbetre eiga leiing, undervisning og skulen som organisasjon.